Søk i gamle bilete

Gammal bilde frå Hinderåvåg
Gammal bilde frå Hinderåvåg
Gammal bilde frå Hinderåvåg
Sist oppdatert 9. okt. 2023

Gamle bilete frå Tysvær

Å sjå på gamle foto er alltid interessant. Kring 1990 arrangerte kulturkontoret i samarbeid med Statsarkivet i Stavanger innsamling av gamle foto i alle skulekrinsane i Tysvær. Mange tysværbuar kom då med fotoalbuma sine.

Til saman avfotograferte ein ca 2000 bilete med mange flotte motiv. Også seinare har ein motteke gamle foto som er blitt avfotograferte. Mange av bileta er brukte i bygdebøkene. Her er bilete frå fest og kvardag, leik og arbeid, samferdsel og møter og mykje meir. (kilde: nettsider Tysvær kommune)

I seinare tid har også Tysvær historielag lagt inn alle dei gamle arkivbileta til Tysvær bygdeblad i biletbasen.

Søk her

Har du bilder du gjerne vil dele i bildebasen?

Bruk skjema for å laste opp bilder.

Rettigheter og bruk av bildene

Biblioteket legg til grunn at bildene kan bli lagt inn i bildebasen vår, delt på nettsidene våre og bli brukt i annan ikkje-kommersiell bibliotekverksemd. Namnet til fotografen vil alltid bli oppgitt. Fotografen vil framleis ha opphavsretten til eigne bilder. Eventuell utvida kommersiell bruk av bilder vil først bli avtala med fotograf.

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content