Vanlege spørsmål

Spørsmålstegn
Spørsmålstegn
Spørsmålstegn
Sist oppdatert 9. okt. 2023

Kven kan få lånekort?

For å få lånekort må alle over 15 år vise godkjent legitimasjon og godta reglementet. Lånarar over 15 år kan få nasjonalt lånekort som kan brukast i dei fleste norske bibliotek. Du er ansvarleg for å melde adresseendring og endring av annan kontaktinformasjon som epostadresse eller telefonnummer.

Du kan også skaffe deg nasjonalt lånekort heimanfrå. Les meir her: https://karanteket.no/skaff-deg-nasjonalt-lanekort-hjemmefra/

Kan barn få eige lånekort?

Barn kan få lånekort når dei har byrja på skulen. Ein føresett må godkjenne dette og stå ansvarleg for eventuelle gebyr og erstatningar.

Barnelånarar får kort som berre kan brukast i Tysvær bibliotek. Barn kan ikkje registrere eiga epostadresse, men epost til føresett kan leggast inn. Ved første utlån etter fylte 15 år vil lånaren få opp melding om at epostadresse må sjekkast. Lånaren kan då legga inn si eiga adresse.

Kan institusjonar få eige lånekort?

Tilsette ved skular, barnehagar m.m. kan få eit ekstra lånekort knytt til arbeidsplassen. Vedkommande må då avtale med arbeidsplassen om arbeidsgjevar skal vera ansvarleg for eventuelle erstatningskrav.

Kan eit lånekort brukast av fleire?

Du er ansvarleg for alt som blir lånt på ditt kort. For barn er den som har godkjent registrering av lånekortet ansvarleg. Meld frå om tap av kort.


Kva kan eg låne?

Hos oss kan du låne bøker, film, lydbøker og tidsskrift.

Søk og bestill her: https://tysver.bib.no/cgi-bin/m2

Digitale tjenester frå biblioteket

Allbok : Lån og les e-bøker og lydbøker. Les rett i nettleseren eller last ned fra Play Store og App Store.

Filmbib: Sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strømmetjenesten Filmbib.

Filmoteket: Lån og sjå film digitalt med lånekortet ditt uten at du treng å oppsøke biblioteket.

Verdensbiblioteket: Her finn du e-bøker og lydbøker på andre språk enn norsk.

Nettbiblioteket: Gir alle med norsk ip-adresse gratis tilgang til norske bøker utgitt til og med år 2000. Nettstedet gir dessuten tilgang til bilder, aviser og tidsskrifter.

Kostar det noko å låne?

Det er gratis å låne på biblioteket. Ha alltid med lånekortet. Du kan også ha lånekortet på mobilen via Bibliofil-appen.

Kor lenge kan eg ha det eg har lånt?

Normal lånetid er 4 veker. Enkelte media kan ha kortare eller lengre lånetid. Lånetida kan som regel forlengast, via internett, bibliotekapp, på SMS eller ved å ta kontakt med biblioteket. Dersom du registrerer epost eller mobilnummer kan du få gratis varsel før forfall.

Kva skjer om eg leverer for seint eller øydelegg noko?

For sein innlevering kan føre til purregebyr. Tapt eller skadd materiale må erstattast. Misbruk av bibliotektenestene kan føre til tap av lånerett. Biblioteket er ikkje ansvarleg for eventuelle skader på avspelingsutstyr eller liknande.

Oversikt Gebyr og erstatningsummar 2022

Kva om biblioteket ikkje har det eg vil låne?

Dersom biblioteket ikkje har det du ønskjer å låne, kan det som regel lånast inn frå andre bibliotek.

Du kan også sjølv bestille frå andre bibliotek via Biblioteksøk og hente på ditt lokale bibliotek.

Er det noko grense for kor mykje eg kan låne?

Nei, du kan låne så mykje du vil. Det einaste du må passe på er at du held innleveringsfristene.

Har biblioteket aviser og tidsskrift?

Biblioteket tilbyr ferske aviser kvar dag og eit stort utval tidsskrifter. Avisene vi har er Tysvær bygdeblad, Grannar, Haugesunds avis, Stavanger aftenblad, Aftenposten, VG, Nationen og Klassekampen.

Publikums-pc og skrivar?

På hovudbiblioteket i Aksdal kan du bruke publikums-pc. Pc-en har tilgong til internett, men resten av programvare (tekstbehandling o.l.) kan variere. Vi har også skrivar for utskrift frå publikums-pc, utskrift og lagring på minnepinne og vanleg kopiering.

Er det trådlaust internett på biblioteket?

Det er gratis tilgong til trådlaust internett på heile kulturhuset. Velg nettverket Gjestenett når du kobler deg til Wi-Fi.

Sel biblioteket billettar til arrangement på Tysværtunet kulturhus?

Når biblioteket er betjent kan du kjøpe billettar til kino og kulturarrangement på Tysværtunet kulturhus. Du kan også kjøpe på nett.

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content