Personvernerklæring
Nettsidene er utvikla av Biblioteksentralen i samarbeid med biblioteket. Vi gjer vårt beste for å beskytte personopplysingane dine, òg når dei ikkje er av sensitiv art. Denne personvernerklæringa fortel om korleis vi samlar inn og brukar personopplysingar.
Behandlingsansvarleg
Biblioteket, ved biblioteksjefen, er behandlingsansvarleg for Biblioteket si behandling av personopplysingar.Erklæringa inneheld opplysingar du har krav på når det samlast inn opplysingar frå nettstaden vår (personopplysingslova § 19) og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar (personopplysingslova § 18 1. ledd).
Versjonar
Dette er versjon 1.0 av personvernerklæringa. Ho blei publisert på tysverbibliotek.no/nn/personvern den 31.05.2023.
Informasjonskapslar (cookies) og webstatistikk
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina di når du lastar ned ei nettside.Biblioteksentralen brukar ikkje cookies til å generere statistikk. Vi kan dermed ikkje spore bruken din av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.
Nettsidene nyttar Plausible som analyseverktøy for å samle inn opplysingar om dei som besøker nettsidene våre.Plausible nyttar ikkje informasjonskapslar og all data om besøkjande er anonymiserte.
Sikker nettstad
Biblioteksentralen nyttar HTTPS for å sikre nettløysingane våre mot hacking. HTTPS gjer at kommunikasjonen skjer sikkert mellom nettleseren i datamaskina di/den mobile eininga di og serveren som driv nettstaden.
Mine sider / biblioteksystem
Ved søk i katalog eller innlogging Mine sider / Mappa mi blir du overført til biblioteket sitt kjernesystem. Personvernerklæringa til kjernesystemet.
Eksterne lenker
Biblioteket er ikkje ansvarleg for personvern på direktekoplingar utanfor nettsidene til biblioteket.
Har du spørsmål til korleis vi behandlar personopplysingar?
Alle som spør har rett på grunnleggande informasjon om behandling av personopplysingar i ei verksemd etter personopplysningslova, § 18, 1. ledd. Biblioteksentralen har gitt denne informasjonen i denne erklæringa, og vil vise til den ved eventuelle førespurnadar.
Dei som er registrerte i eit av biblioteket sine system har rett på innsyn i eigne opplysningar. Vedkomande har òg rett til å be om at feil, ufullstendige eller opplysningar biblioteket ikkje har adgang til å behandle blir retta, sletta eller supplert.
Endringar
Biblioteket kan revidere denne personvernerklæringa ved endringar i behandlinga av personopplysingar eller ved endringar i gjeldande lovgiving. Når personvernerklæringa blir endra, blir den nye personvernerklæringa publisert på heimesida vår.