Lånereglar

Sist oppdatert 1. mars 2024

Lånereglar

REGLEMENT FOR TYSVÆR BIBLIOTEK

Lånerett

Det er gratis å låne på biblioteket. Vanlegvis er det ikkje restriksjonar på kor mykje ein kan ha på heimlån, men biblioteket kan gjere unntak frå denne regelen.

Media som ikkje er til heimlån kan brukast i opningstida til biblioteket.

Dersom biblioteket ikkje har det lånaren ønskjer, kan det som regel skaffast frå andre bibliotek. Talet på slike fjernlån kan avgrensast.

Alle som har gyldig lånekort, har rett til å låne.

Misbruk av bibliotektenestene kan føre til tap av lånerett.

Som lånar er du forplikta til

Å behandle bøker og anna bibliotekmateriale fint.

Å levere tilbake i rett tid.

Å erstatte skader på eller tap av bibliotekmateriale etter vedtekne satsar.

Å melde endring av postadresse, epostadresse og telefonnummer.

Om lånekort

For å få lånekort må alle over 15 år vise godkjent legitimasjon og godta reglementet. Vaksenlånarar får vanlegvis nasjonalt lånekort som kan brukast over heile landet.

Barn kan få lånekort når dei har byrja på skulen. Ein føresett må godkjenne dette og stå ansvarleg for eventuelle gebyr og erstatningar.

Barnelånarar får kort som berre kan brukast i Tysvær folkebibliotek. Barn kan ikkje registrere eiga epostadresse, men epost til føresett kan gjerne leggast inn. Ved første utlån etter fylte 15 år vil lånaren få opp melding om at epostadresse må sjekkast. Lånaren kan då legge inn si eiga adresse.

Tilsette ved skular, barnehagar m.m. kan få eit ekstra lånekort knytt til arbeidsplassen. Vedkomande er personleg ansvarleg også for lån på dette kortet. Om lånaren meiner eventuelle erstatningskrav skal dekkjast av arbeidsgjevar, er det biblioteket uvedkomande.

Lånekortet er personleg og skal ikkje brukast av andre. Den som eig lånekortet – eller står som føresett – er ansvarleg for alt lån på kortet.

Tap av lånekort skal meldast umiddelbart.

Ved tap av lånekort blir det skrive ut eit nytt mot gebyr. Gamalt lånarnummer blir då sletta.

Lånekortet skal som hovudregel vere med, og er eit krav ved utlån på automat. Ved lån utan lånekort kan det krevjast legitimasjon, eller personalet må på annan måte forsikre seg om identiteten til lånaren.

Om lånetid, reserveringar m.m.

Normal lånetid er 4 veker. Enkelte media kan ha lengre eller kortare lånetid. For sein innlevering kan føre til purregebyr.

Ved lån frå andre bibliotek gjeld lånetida frå datoen eigarbiblioteket registrerer utlånet.

Lån kan fornyast inntil tre gonger dersom materialet ikkje er reservert andre.

Lånaren kan reservere materiale som er utlånt. Biblioteket kan avgrense talet på reserveringar til same lånar. Hentefrist på reservert materiale er 1 veke.

Lånarar som registrerer epostadresse eller mobiltelefonnummer kan få gratis varsel før forfall.

Lånarar med registrert epostadresse får automatisk kvittering på det som blir lånt og levert. Dersom barn er registrert med epostadresse er det den føresette som får kvittering.

Aldersgrense for utlån av film følgjer den tilrådde aldersgrensa for filmen.

Biblioteket er ikkje ansvarleg for eventuelle skader på avspelingsutstyr eller liknande.

Gebyr og erstatningar

Betalingssatsar og varslingsrutinar blir fastsett av kommunestyret under den årlege budsjetthandsamlinga. Gjeldande satsar ligg her: http://www.tysver.kommune.no/, under Gebyr og avgifter.

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content