Til arrangement

Samtale, debatt og foredrag

Farmor og farfars krig - ei krigsseglarhistorie 1940-2023

Foredrag og opplesing ved forfattar Nicholas H. Møllerhaug

Boka sitt framsidebilete med eit skip og Møllerhaug sine besteforeldre.
Boka sitt framsidebilete med eit skip og Møllerhaug sine besteforeldre.
Boka sitt framsidebilete med eit skip og Møllerhaug sine besteforeldre.

Arrangementet krev billett

Dato

tys 9. april

Tid

11:30 - 12:30

Stad

Haldast ikkje i biblioteketNygaardsalen

Arrangør

Tysvær senioruniversitet
Kjøp billett

«Sidan farmor og farfar gifta seg 17. april 1948, var kvar einaste natt slik: Han vakna, klar for å tenne den første sigaretten. Medan farmor sovna igjen, stod farfar opp og heldt fram med å røyke og vake, til han måtte sykle av garde ned til verftet, klokka 5. Då gjekk farmor i gang med å vaske og lufte ut. Alt skulle vere normalt til ungane stod opp. Etter 25 år gjekk ikkje dette lenger. Denne ettermiddagen i 1973 var det full stopp.»
(Frå "Farmors og farfars krig: )

EINAR MØLLERHAUG hadde ekstreme erfaringar som krigsseglar. Kvar natt etter krigen låg tre rullingsar klare til han vakna av dei unge gutane som skreik «mamma», «pappa» og «Jesus» i flammehavet utanføre Nordkapp, då Hitlers «Scharnhorst» gjekk ned.
Einar Møllerhaug var ikkje berre med på senkinga av Hitlers panserskip «Scharnhorst». Han var òg blant dei første som nådde franske strender på D-dagen. Og han hadde heile 20 turar i konvoi til Murmansk. Kvar slik konvoi var det Churchill kalla «the worst journey in the world».

Men det var først mot slutten av livet han opna seg, og då var det for barnebarnet, Nicholas. Trygt styrt av kona, Alfhild, fortalde Einar om livet sitt under krigen. Nokre gonger var det så vanskeleg at han måtte avbryte og storme opp på loftet.

Det er ei sterk og oppsiktsvekkande historie som kjem fram. Etter at farfaren gjekk bort, fortsette Nicholas å samle vitnesbyrd og leite i arkiv og andre kjelder.

Dette er også ei bok om ettertida – om korleis krigsseglarar lenge ikkje vart forstått, men òg om ei farmor som tok vare på mannen sin, lét han fortelje, lage mat og oppleve det vakre med dei fargesterke biletteppa ho laga for at dei begge skulle klare å reise seg.


NICHOLAS H. MØLLERHAUG (f. 1974) er forfattar, kurator og tidlegare kulturleiar. Han vaks opp i Grinde like ved Haugesund, i eit miljø med mange sjøfolk. I boka er farmor, Alfhild Marie Møllerhaug (1926-2023), ei viktig kjelde. Ho arbeidde som skreddar, før ho møtte krigsseglaren Einar Møllerhaug og stifta familie.

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content