Eg er V-vida

Roman  •  11 – 15 år

Eg er V-vida : roman

Tone E. Solheim
Først utgitt:2024

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Anbefaling frå eit anna bibliotek

For deg som vil lesa ei bok om å vera redd for å skilja seg ut og drita seg ut.

Gjennom Vida si stamming blir skam, sjølvtvil og sjølvhat skildra på ein god måte. Når Vida skriv i dagboka eller ringer bestevenninna si, som nettopp har flytta vekk, blir me kjent med korleis Vida er på ekte. Jentene i klassen kjem med spydige kommentarar fordi Vida stammar. Men korleis kan det ha seg at den nye guten blir populær sjølv om han har CP? Kan Vida læra noko av han? Kan ho klara å stå opp for seg sjølv og skaffa seg vennar og kanskje kjærast? Personleg, sårt og realistisk om å kjenna seg utanfor.

Om boka

  • Skulen
  • Taleflytvanskar : medisin
Tretten år gamle Vida stammar, m-m-masse. Og som om ikkje det var nok, har bestevenninna hennar nettopp flytta sin veg, og Vida må byrje i niande klasse utan henne. Mamma skjønar som vanleg ingenting, og meiner Vida lett kan finne seg nye vener. Men korleis skal Vida klare det, når ho ikkje ein gong klarar å seie sitt eige namn? Ein dag byrjar Viktor i klassen til Vida. Viktor har cerebral parese og haltar på eine foten, men likevel blir han inkludert med ein gong. Kva er det Viktor gjer, som Vida ikkje får til? Og finst det noko ho kan gjere for å legge stygge, stotrande stamme-Vida bakom seg, ein gong for alle? Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet.

Utgåver