Til tenester og tilbod

Kurs og læring

Slektskafé og slektsforsking

Slektskafé med Slekt og Data Haugaland og tips til å komma i gang med eiga slektsforsking.

Gammel dagbok, gammelt bilde og en blomsterstilk
Gammel dagbok, gammelt bilde og en blomsterstilk
Gammel dagbok, gammelt bilde og en blomsterstilk

Slektskafé

Slekt og Data Haugaland er til stades på biblioteket med erfarne slektsforskarar den første laurdagen i kvar månad. Her kan du få hjelp med stort og smått som har med slektsforsking å gjere, anten du er nybyrjar eller er godt i gang.

Gratis!

Slektsforsking - korleis komme i gang?

Det finst mange ressursar for slektsforskarar på nettet, men det aller viktigaste er å skrive ned det du allereie veit, og spesielt det dei eldste i familien veit, før dei går bort. Deretter kan du leite i andre kjelder, både skriftlege og digitale. Det er viktig å notere ned kvar du har opplysningane frå, anten dei er munnlege, skriftlege eller digitale.

Nettstader som hjelper deg i gang

Slekt og data – Nybyrjartips til slektsforsking

Slekt og data – Slektsforsking på 1-2-3

Arkivverket – Nybyrjar i slektsgransking

Digitalarkivet – Kom i gang med slektsgransking

Biblioteket

Tysvær bibliotek har eit godt utval av bygdebøker og slektsbøker, stort sett frå Tysvær og Haugalandet. Bøkene finn du i basen vår som du kan søkje i frå nettsida vår. Dersom vi ikkje har det du er på jakt etter, kan du bestille bøkene frå andre bibliotek. Biblioteket kan også gjere bestillinga for deg, dersom du ønskjer det.

Gamle bilete frå Tysvær

Bibliotekets samling av gamle bilete frå Tysvær inneheld også gamle arkivbilete frå Tysvær bygdeblad.

Nasjonale biletbasar

Søk i biletbasar frå Nasjonalbiblioteket, Digitalt museum, Riksantikvaren og Arkivverket. Her finn du bilete frå heile landet, også Tysvær.

Nasjonalbiblioteket

Mange kjelder er tilgjengelege digitalt i Nasjonalbiblioteket. Søk i bøker, aviser, tidsskrift, bilete, kart, brev og manuskript.

Slekt og Data Haugaland

Slekt og Data Haugaland er ei foreining for alle som er interesserte i slektsforsking og lokalhistorie på Haugalandet. Dei har jamlege medlemsmøte og arrangerer også Slektskafeer saman med biblioteka i distriktet, der dei som ønskjer det kan stikke innom og få hjelp til slektsforskning.

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content