Til tenester og tilbod

Digital teneste

Gamle bilete

Sjå på eller bestill gamle foto frå Tysvær

Gamalt foto frå Hinderåvåg
Gamalt foto frå Hinderåvåg
Gamalt foto frå Hinderåvåg

Å sjå på gamle foto er alltid interessant. Kring 1990 arrangerte kulturkontoret i samarbeid med Statsarkivet i Stavanger innsamling av gamle foto i alle skulekrinsane i Tysvær. Mange tysværbuar kom då med fotoalbuma sine.

Til saman avfotograferte ein ca 2000 bilete med mange flotte motiv. Også seinare har ein motteke gamle foto som er blitt avfotograferte. Mange av bileta er brukte i bygdebøkene. Her er bilete frå fest og kvardag, leik og arbeid, samferdsel og møter og mykje meir. (kilde: nettsider Tysvær kommune)

I seinare tid har også Tysvær historielag lagt inn alle dei gamle arkivbileta til Tysvær bygdeblad i biletbasen.

Søk her

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content