Verkstad og kreativitet

Frøbibliotek

Lån frø- og lever tilbake om hausten om du kan!

Frøbibliotek-sirkel Lån, dyrk, høst, lever.
Frøbibliotek-sirkel Lån, dyrk, høst, lever.
Frøbibliotek-sirkel Lån, dyrk, høst, lever.

Frøbiblioteket er eit tilbod til alle, enten ein har hage eller berre ei potte på balkongen. På denne måten ynskjer me å bidra til at fleire får kunnskap om korleis ein haustar frø. Dette er ein ressurs som er gratis og lett tilgjengelig rundt oss, og det er viktig å ta vare på kunnskapen så den ikkje forsvinn. Å hauste frø kan også vere ein kjekk aktivitet for barn å bli med på. September ein ein super frø-haustingsmånad, men det går også an i oktober og november. Viss du leverer frø må du huske å skrive på kva slags frø det er. Også lurt å tørke frø på for eksempel ei avis i et døgn før du tar dei i pose. Me håper mange har lyst å bidra til biblioteket sitt frøbibliotek, og til våren kan du glede deg til å ta andre sine frø med heim. Allerede i februar kan du starte! Er du klar til å gå ut og plukke?? Me i biblioteket er spent på kva du finn! Tysvær Hagelag er vår gode støttespelar!