Tormod Torfæus

Vaksne

Tormod Torfæus : ei innføring

2001

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Tormod Torfæus (historikar), 1636-1719
  • Noreg - Historie - 800-1050
Namnet til Tormod Torfæus (1636-1719) er nesten gløymt i dag. Han var den første til å gjera den eldste norske historia kjent for eit europeisk publikum gjennom storverket "Historia rerum Norvegicarum " 2000 sider på latin ? som enno ikkje er å få på norsk. Ludvig Holberg omtala historieverket hans som ?en av de prægtigste og anseeligste Historier, som nogen Tiid er kommen for Lyset?. Gjennom Torfæus vart europeiske lesarar, forfattarar, filosofar og politikarar interesserte i vikingtida. Denne boka gir ei innføring i historia til mannen og verket. Tofæus levde eit spennande og fargerikt liv. Mellom anna vart han dødsdømt for drap, men benådna av den danske kongen personleg. Her kan ein også lesa eit par av tekstane som han sjølv forfatta ? for første gong på norsk ? bl.a. om Erling Skjalgsson, Olav Tryggvason og Gange-Rolv. Boka er rikt illustrert med bilder i både farger og svart/kvitt.

Utgåver