No fær huset

Novelle  •  Vaksne

No fær huset : forteljingar

Laura Djupvik

2020

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

«No fær huset» er ei novellesamling der vi møter menneske som på kvar sitt vis ikkje heilt får det til. Ei kvinne bur åleine i ei mørk kjellarleiligheit, og dagens høgdepunkt er togturane med ein altfor taletrengd nabo. Ein mann slit med å få kvardagen til å henge saman etter at kona reiste, og kler opp eit fugleskremsel med kleda hennar. Eit par får stadig høyre kor vakkert barn dei har fått, men barnet utviklar seg ikkje normalt. Det handlar om kor vanskeleg det kan vere å leve eit heilt alminneleg liv, og dei erfaringane folk gjer seg om noko i tilværet ikkje går som planlagt. Djupvik set ord på kor sårbart livet kan vere, og syner fram at vi alle har ulike utfordringar. Omtala er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content