Ni dagar i veka

Roman  •  Vaksne

Ni dagar i veka

Kristin Helgeland

2015

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Familieforhold
  • Husmødrer
Miriam lengtar etter ei familielykke som har teke slutt. Igjen står ein krevjande flokk med to store barn. Dottera som sminkar seg dramatisk og meiner mora er feit, sonen som sit på rommet og spelar, og ein sofagris som krev at middagen står på bordet når han kjem heim og skjortene er strokne. Kor kjærleiken i bustaden har tatt vegen, veit ikkje Miriam. Så kva skal ei stakkars dame gjere? Misunna dei andre lykkelege familiane, eller kanskje falle for den nye IT-sjefen? «Ni dagar i veka» handlar om ein familie som har stivna i eit gamalt mønster. Om ei lykka som har gått ut på dato, om å ynskje seg meir, om det grøne graset på den andre sida av kvardagen. Det er ei tragikomisk skildring av norsk kvardagsliv og husmortilvere.

Utgåver

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content