La spiaggia di notte

Forteljing  •  3 – 10 år

Natt på stranda

Elena Ferrante

2017

Originaltittel:La spiaggia di notte
Illustratør:
Mara Cerri

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Dokker (leiketøy)
  • Einsemd
  • Redsel
Mati har ei favorittdokke som heiter Celina. Ein dag Mati leikar på stranda får ho ein kattunge av faren sin. Ho blir så oppslukt av katten, at ho heilt gløymer Celina. Celina blir etterlaten på stranda om natta, i selskap med trugande vesen som Bademeister Grusom og Store Rive med dei skumle tennene av jern. Etter nattas mange farar blir Celina uventa løfta opp frå sanden. Det er kattungen som har sprunge ut for å finne henne. Forteljinga er fortald av dokka Celina. Her er sterke, grunnleggjande kjensler som sjalusi, frykt og kjærleik. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content