Grove brød inneheld meir kostfiber, vitamin, mineral og antioksidantar enn fine brød. Men korleis bake saftige, velsmakande grove brød heime? Korleis unngå mursteinar eller smuldrebrød? I denne boka presenterer Torunn Nordbø frå Opplysningskontoret for brød og korn enkle oppskrifter på smakfulle grove og ekstra grove brød - både kvardagsbrød og rundstykke. Her er oppskrifter med ulike kornsortar, bakt med gjær, surdeig eller bakepulver. Boka inneheld også ein grunnleggjande bakeskule for grov bakst, der forfattaren viser kosleis du enkelt kan bake saftige og meir smakfulle brød med grovt mjøl og heile korn.