Flog

Roman  •  Vaksne

Flog : roman

Dordi Strøm

2021

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Fattigdom
  • Foreldre og barn
Dagne og mor hennar deler køyeseng, og dei bytar på å ete havregraut og hjortelever i brun saus til middag. Dei har ikkje pengar. Faren til Dagne, Fred, har ein fin Mercedes. Men ho treffer han berre på bursdagen sin. Då kjem han med den fine bilen sin og ventar på henne nede på gata. Fred kjenner ikkje Dagne i det heile teke, men han veit mykje om ting som ikkje ho veit om. Då han var tolv år gamal, dytta han ein stein nedover eit flog mot steinbrotet der far hans jobba. Farmora til Dagne pla å elske å danse, og ho toler ikkje lukta av klementinar. Like lite som ho toler å ta i barn. Fred kan fint klare seg sjølve, tenkte ho. “Flog” er ein roman om tre generasjonar der familiemedlemene på kvart sitt vis ønskjer å skape seg eit betre liv. Spørsmålet er om det er mogleg å reise frå fattigdom. Og går det alltid godt med den som er god? Dordi Strøm er scenograf, kostymedesignar og forfattar. “Flog” er den første boka hennar. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content