Med "Dette er også vatn" har Inger Bråtveit skapt ein hybridroman der personlege hendingar, essayistiske refleksjonar, dokumentarisk stoff og dikting vert blanda saman på nye og overraskande måtar. Det er ei bok om å vere dotter, mor, stemor, ektefelle, syster. Det handlar om fødsel og død, om kva som skal til for å halde seg skrivande, levande, og om korleis sanning og løgn verkar under ulike vilkår. Omtalen er utarbeidd av BS.