Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet

Roman  •  6 – 10 år

Detektiv Smartbart og sabotasjen på badet

Sigrid Merethe Hanssen

2011

Illustratør:
Åshild Irgens

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Hagbart Korneliussen er den minste i ein søskenflokk på tre. Sigvart og Esmeralda liker godt å vise at dei er større og flinkare enn han er. Hagbart har ofte uhell med sjokoladeknekkebrød på tv-rommet og gløymer å henge kleda sine opp i gangen. Han er livredd støvsugaren. Ein vakker sommardag blir dei tre søskena vekt av eit stort brøl. Faren deira, Kyrre Korneliussen, eller Oberst Dobørst som ungane gjerne kallar han, har sett seg lei på alt rotet som har samla seg i huset, og set i gang Operasjon Husvask. Alle får sine oppgåver å gjere og mens Obersten dreg på kjøpesenter for å handle, skal dei tre søskena vaske huset. Ikkje alt går som planlagt. Nokon prøver å sabotere Operasjon Husvask og alle spor peikar i retning av Hagbart. Dette er heilt klart ei sak for Detektiv Smartbart. Forteljing for småskole-/mellomtrinnet.

Utgåver

Kontakt

Tysvær kommune
Ansvarleg redaktør: Lillian E. Rushfeldt
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content