Litteratur og forteljing
bLEST: Lytt litt! Lunsj med Agnes Ravatn
Agnes Ravatn les høgt frå den nye boka si Alle mot alle - essays, artiklar og gjeldsbrev.
Legg til i kalender


Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Tysvær bibliotek - Tysværtunet kulturhus
Arrangør
Agnes Ravatn er ein av Noregs mest morosame og originale skribentar. Høyr henne lese høgt frå den nyaste boka si der ho har samla sine vittigaste og skarpaste tekstar gjennom femten år.
I hennar nye bok Alle mot alle – essays, artiklar og gjeldsbrev får vi bli med Ravatn til konsultasjon hos ein plastikkirurg, til rettleiing i Scientologikyrkja, på bli-ny-dag, og følge henne i jakta på raske pengar etter ein vond baksmell på skatten. Gjennom eit mangfald av emne, om alt frå norsk valkamp og (eiga) pornoavhengigheit til konsentrasjonssvikt og livet på bygda, gir Ravatn oss eit friskt perspektiv på moderne kultur og samfunn.
Ravatn har eit observant, underhaldande og kritisk blikk på både politikk og kvardagsliv. Tekstane er tankevekkande og lattervekkande, like sjølvkritiske som samfunnskritiske.
Relatert litteratur

Alle mot alle
Ravatn, Agnes