Sommarlesfest! Vitenshow med Roe Lauvås jr

Framsyning
Barn

Sommarles er over! Me feirer lesegleda med eit SUPER FANTASTISK vitenshow!

Roe Lauvås jr saman med flammar, røyk og eksperimenter
Roe Lauvås jr saman med flammar, røyk og eksperimenter
Roe Lauvås jr saman med flammar, røyk og eksperimenter

Gratis - krev påmelding

Dato

laurdag, 7. september 2024

Tid

11:00 - 12:00

Stad

Haldast ikkje i biblioteketStorsalen, Tysværtunet

Gå til påmelding

Kan såpebobler brenna? Kan menneske bada i minus 196 grader? Kan ei vannflasker fungera som flammekastar? Og kva i alle dagar er ein badeball-eksplosjon? Bli med når Roe blandar vitskap og galskap i det fartsfylte vitenshowet EIT SUPER AWESOME VITENSHOW. Med spektakulære eksperiment og ein god dose humor er dette underhaldning for heile familien.
Arrangementet er gratis, men ein må ta ut billett.  VIKTIG! Mange barn har lyst å delta, så me treng nokre reglar:
1) Møt opp i god tid! 2) Dersom du ikkje er på plass innan kl 11.00 går billetten din til dei som event står i kø. 3) Gi beskjed dersom du ikkje kan bruke billetten din.  Om Roe Lauvås
I Roe Lauvås Jr.s verd er vitskap meir enn berre teori; det er ein kjelde til undring og glede. Han brukar sin bakgrunn som lærar og montessoripedagog til å skapa lærerike og underhaldande opplevingar. Han har laga den kritikerroste vitskapsmusikalen 'Vilde Vite og Halemysteriet', som viser korleis ein kan smelte saman kunst og vitskap. Han har også vore programleiar i NRK for «Forsker Grand Prix».

Sommarlesfest! Vitenshow med Roe Lauvås jr | Tysvær bibliotek