Litteratur og forteljing
bLEST Ella Marie Hætta Isaksen: Min stemme - Mu jietna
Om språk, kultur og makt - og om å finna si eiga stemme.
Legg til i kalender


Arrangementet krev billett
Ella Marie Hætta Isaksen har dei siste åra markert seg som samisk aktivist, artist, forfattar og skodespelar Møt henne i samtale med Synnøve Bredal Bjelland, leiar i Tysvær mållag.
Samtalen vil handla om språk, kultur og makt, om å finna si eiga stemme. Om individet i møte med storsamfunnet, om likeverd og respekt, og om å finna og utvikla sin eigen uttrykksform. Kva har Ivar Aasen og samiske aktivistar framføre Stortinget felles?
Miljøengasjementet til Ella Marie kjem sterkt til uttrykk i boka hennar Derfor må du vite at eg er same som utkom i 2021.
Kjøper du laurdagspass, får du med deg alle foredraga laurdag 11. november for kr 500,-! Valet får du når du følger billettlenka. Alle under 20 år kjem gratis inn, men må hente ut ein fribillett i biblioteket.