21. mars er verdas poesidag- -det beslutta UNSECO i 1999. Dette gjorde dei for å fokusere meir på dikt og poesi som utrykksform.

Folk flest hentar kanskje først og fremst dikta fram ved dei store merkedagane i livet. Det vil sei dagar som er knytta til sterke kjensler som kjærleik og sorg, eller til forandring og store valg.

Men på samme måte som med bøker, så finst det eit dikt som kan passe i dei fleste situasjonar og samanhengar. Poesien kan med sitt begrensa format hjelpe oss å setje ord på det me eigentleg kjenner på, men ikkje finn dei rette orda for. Og slik kan me betre forstå både oss sjølv og verda rundt oss.

Mange dikt vert også tonesette, og dermed får uttrykket ein ekstra dimensjon og treff eit større publikum. Eit eksempel kan vere Vamp som har tonesett dikt av td Kolbein Falkeid, Ingvar Moe og Gunnar Roalkvam. Med det har desse poetane fått eit mykje større publikum. Kanskje til og med utan at publikum eigentleg sjølv er klar over det!

Lån med deg ei diktbok neste gong du er i biblioteket. Enten du har ein forfattar du liker godt, eller du vil ha ei diktsamling om spesielle emne, har me noko som passar.

Translate »
X

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies. Les fråsegn om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close