Internett, og ikkje minst sosiale medier har dei siste 10-15 åra i stor grad påverka kvardagen, samfunnet og måten me kommuniserer med andre på, og kven me kommuniserer med.
Ein av dei viktigaste funksjonane for sosiale medier er jo nettopp det å knytte menneske saman og bygge nettverk.

Ringverknadane er i svært mange samanhengar positive, men me bør også vere bevisste på at det kan gje enkelte uønska, eller negative utslag: For kva gjer påverkinga med meiningar, standpunkt, engasjement og interesse? Blir me meir opplyste, eller blir me meir polariserte? Blir me meir deltakande og samfunnsbevisste, eller har me nok med å dele våre meiningar i kommentarfeltet?

Sosiale media sine algoritmer  styrer og  i stor grad kva du får sjå, basert på kva du har likt og klikka på tidlegare. Dette gir dei deg meir og meir av. Det betyr at dei innlegga som når deg ofte liknar på kvarandre, og slik vert me påverka til å skape vårt bilete av verkeligheten.  Drar ein dette ennå lenger kan me snakke om såkalla «ekkorom», som er betegnelsen på forum der folk med samme (ofte politiske/religiøse) meiningar heier på kvarandre, og i liten grad møter motstand for sine standpunkt. Slik forum er ikkje med på å bygge bruer og forståelse, men skaper avstand og mistru.

Derfor kan det vere lurt å minne seg sjølv om å aktivt søke til andre kilder, sider og forum der ein får nyansert biletet. Og ikkje minst: Oppsøke kvaltietssikra informasjon på biblioteket!

 

 

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies. Les fråsegn om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close