BLI MED PÅ DEN KULASTE LESEKAMPANJEN I SOMMAR!

 

Frå 1. juni til 31. august kan dei som skal byrje i 1. til 7. klasse, delta på Sommarles.no.

 

Sommarles gjer lesing endå gøyare!

 

Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje og er laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. Det skal vere gøy å vere med! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, styrkar leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre les på fritida, men vi veit at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart. Vi håpar at de vil hjelpe oss med å motivere barna til å vere med på Sommarles.no. Det er ein fin aktivitet uansett kvar de skal feriere i sommar. Ta turen innom altom.sommerles.no for meir info – eller besøk ditt lokale bibliotek.

Hvis borna ikkje har laga ein profil på Sommarles.no så kan dei gjere det no. Her på profilen registrerer ein bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene les. Her kan ein også lese ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har ein ikkje tilgang til nett, kan ein delta med eit lesekort. Det kan du få på biblioteket!

Sommarles er for alle. For kvar bok ein legg inn, får ein XP (poeng) og går opp i level. Ein kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt – all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Når ein legg inn bøker, får ein digitale trofé til profilen på nettsida, og ein kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

Kjære foreldre: Vi ber om at de lar barna bestemme seg for premie før dei kjem inn på biblioteket. Fossilane og steinane er frå level 30 og oppover.

Lurer du på kva sommarlespremie du skal velge? Sjå dei her:

Translate »

Pin It on Pinterest

X

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies. Les fråsegn om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close