Visste du at det er kortare frå Bergen til Shetland, enn frå Bergen til Oslo? Øygruppa med over 100 øyer var underlagt norsk herredømme i ca 6-700 år, heilt fram til 1590. I denne perioden vart øyane kalla Hjaltland, og det er framleis mange spor etter den norrøne / norske arva i td språk og stadnamn. Tradisjonar er høgt verdsett og feira.
Shetland vart også viktig for motstandsrørsla i Norge under krigen, då norske skøyter reiste fram og tilbake over den ugjestmilde Nordsjøen, med både menneske, utstyr og hemmelege oppdrag ombord.
Mange forfattarar har også henta inspirasjon frå dette røffe landskapet, mest kjent er kanskje Ann Cleeves sine krimbøker som også dannar grunnlaget for BBC sin populære tvserie «Shetland» med detektiv Jimmy Perez som hovudperson.

Meir informasjon om Shetland kan du finne her: https://snl.no/Shetland
og bøker der øya i vest er tema kan du bestill via bibsok.no.

Translate »

Pin It on Pinterest

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies. Les fråsegn om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close