F.A.Q.

Ofte spurte spørsmål om biblioteket.

Om
biblioteket

Kvar finn du oss?

Tysvær folkebibliotek ligg i Tysværtunet kulturhus i kommunesenteret Aksdal. Vi er og del av kombinasjonsbiblioteket på skulen i Nedstrand

Når er biblioteket ope?

Hovudbiblioteket:

Mandag – fredag kl 10-21 (sjølvbetjent frå kl 19-21)

Lørdag – søndag  kl 10-17 (sjølvbetjent frå kl 14-17)

Nedstrand filial:

Mandag kl  14-19

Onsdag kl  10-14

Bli
lånar

Kven kan få lånekort?

For å få lånekort må alle over 15 år vise godkjent legitimasjon og godta reglementet. Lånarar over 15 år kan få nasjonalt lånekort som kan brukast i dei fleste norske bibliotek. Du er ansvarleg for å melde adresseendring og endring av annan kontaktinformasjon som epostadresse eller telefonnummer.

 

Kan barn få eige lånekort?

Barn kan få lånekort når dei har byrja på skulen. Ein føresett må godkjenne dette og stå ansvarleg for eventuelle gebyr og erstatningar.

Barnelånarar får kort som berre kan brukast i Tysvær folkebibliotek. Barn kan ikkje registrere eiga epostadresse, men epost til føresett kan leggast inn. Ved første utlån etter fylte 15 år vil lånaren få opp melding om at epostadresse må sjekkast. Lånaren kan då legga inn si eiga adresse.

 

Kan institusjonar få eige lånekort?

Tilsette ved skular, barnehagar m.m. kan få eit ekstra lånekort knytt til arbeidsplassen. Vedkommande må då avtale med arbeidsplassen om arbeidsgjevar skal vera ansvarleg for eventuelle ertstatningskrav.

 

Kan eit lånekort brukast av fleire?

Du er ansvarleg for alt som blir lånt på ditt kort. For barn er den som har godkjent registrering av lånekortet ansvarleg. Meld frå om tap av kort.

 

Låne

Kva kan eg låne?

Hos oss kan du låne bøker, film, lydbøker og tidsskrift.

 

Kostar det noko å låne?

Det er gratis å låne på biblioteket. Ha alltid med lånekortet.

Kor lenge kan eg ha det eg har lånt?

Normal lånetid er 4 veker. Enkelte media kan ha kortare eller lengre lånetid. Lånetida kan som regel forlengast, via internett, bibliotekapp, på SMS eller ved å ta kontakt med biblioteket. Dersom du registrerer epost eller mobilnummer kan du få gratis varsel før forfall.

 

Kva skjer om eg leverer for seint eller øydelegg noko?

For sein innlevering kan føre til purregebyr. Tapt eller skadd materiale må erstattast. Misbruk av bibliotektenestene kan føre til tap av lånerett. Biblioteket er ikkje ansvarleg for eventuelle skader på avspelingsutstyr eller liknande.

 

Kva om biblioteket ikkje har det eg vil låne?

Dersom biblioteket ikkje har det du ønskjer å låne, kan det som regel lånast inn frå andre bibliotek.

 

Er det noko grense for kor mykje eg kan låne?

Nei, du kan låne så mykje du vil. Det einaste du må passe på er at du held innleveringsfristene.

 

Andre
tilbod

Har biblioteket aviser og tidsskrift?

Biblioteket tilbyr ferske aviser kvar dag og eit stort utval tidsskrifter. Avisene vi har er Tysvær bygdeblad, Grannar, Haugesunds avis, Stavanger aftenblad, Aftenposten, Dagbladet og Klar tale .

 

Publikums-pc og skrivar?

På hovudbiblioteket i Aksdal kan du bruke publikums-pc. Pc-en har tilgong til internett, men resten av programvare (tekstbehandling o.l.) kan variere. Vi har også skrivar for utskrift frå publikums-pc, utskrift og lagring på minnepinne og vanleg kopiering.

Er det trådlaust internett på biblioteket?

Det er gratis tilgong til trådlaust internett på heile kulturhuset. Spør biblioteket om brukarnamn og passord.

Sel biblioteket billettar til arrangement på Tysværtunet kulturhus?

Når  biblioteket er betjent kan du kjøpe billettar til kino og kulturarrangement på Tysværtunet kulturhus.

 

Treng du meir hjelp? Kontakt oss!

Har du fleire spørsmål, kontakt oss gjerne på folkebibl@tysver.kommune.no eller ring oss på +47 52 75 75 40

022032051 041

Translate »

Pin It on Pinterest

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close