Nedstrand filial

Hausten 2008 opna det nye kombinasjonsbiblioteket ved Nedstrand barne- og ungdomsskule i romslege, lyse og nyoppussa lokale. Kombinasjonsbiblioteket utgjer summen av folkebibliotek og skulebibliotek, noko som gjev eit utvida tilbod for alle brukarar av biblioteket. 

Elevane kan ordne utlåna via eigen utlåntsterminal når biblioteket ikkje er bemanna. 
Det kjem fraktrute frå hovudbiblioteket i Aksdal kvar veke, og me låner frå andre bibliotek dei bøkene me ikkje har sjølve. Biblioteket har eit godt utval av romanar, fagbøker, krim og spenning for både vaksne og barn. Me har tidsskrift, lydbøker og film. I tillegg har me bøker på engelsk, ei samling med lokal litteratur og ein publikums PC knytta til internett. 

 

Opningstider : onsdag kl 10-15 

 

I tillegg til vanleg opningstid har skulen 11 t pr veke der biblioteket og er betjent.

Filialen har stengt om sommaren og i jule- og påskevekene.

Tlf : 52758421 E-post: randi.pedersen@tysver.kommune.no

Translate »
X

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies. Les fråsegn om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close