Samlinga vår
Når du gløymer boka eller den blir ødelagt
Uhell kan skje, og gløymer gjer alle innimellom. Les om kva reglar som gjeld for det du har lånt.



Kva om du ikkje leverer det du har lånt innan fristen?
Tida går fort, og plutseleg er lånetida ute.
Tips 1: Prøv om du får forlenga lånefristen. Ofte går det heilt fint, om det ikkje er andre som ventar på boka.
Tips 2: Du kan få varsel på sms eit par dagar før lånetida er ute,- det kan vere ei lur påminning, og spare deg for gebyr. Aktiver den i skranken eller i Bibliofil-appen.
Leverer du for seint må du betale eit purregebyr:
1. varsel: 30 kr, 2.varsel 60,- kr,- deretter blir det sendt ut rekning, og gebyret aukar til 150 kr.
Leverer du etter at rekning er sendt ut, må du likevel betale gebyret.
Pass på å opplyse om oppdatert e-postadresse og mobilnummer slik at du ikkje går glipp av varsler frå oss!
Dersom uhellet er ute og boka har blitt borte eller ødelagt?
I slike tilfelle må boka / materialet erstattast.
Du kan kjøpe ny bok og levere til oss,- dette er ofte billigast, men ikkje alltid mulig om boka er nokre år og ikkje lenger i sal.
Viss du ikkje kan skaffe boka, må materialet erstattast etter gjeldande stasar i Tysvær kommune.