Aviser og magasin
PressReader
Les over 7000 aviser og tidsskrift på over 60 språk, også norske.
På Pressreader kan du lese over 7000 aviser og tidsskrift på meir enn 60 språk, også norske. Du kan lese på pc, nettbrett eller mobiltelefon.
Avisene og tidsskrifta i databasen blir presenterte i fulltekst, identisk med den trykte utgåva, og er tilgjengeleg frå utgivingsdagen. Du har tilgang tre månader tilbake i tid.
Kom i gang
For å få tilgang til å laste ned publikasjonar i appen må du vere kopla på det trådlause nettverket til biblioteket. Tilgang varer i 7 dagar, deretter må den fornyast i biblioteket. Publikasjonar du har lasta ned, har du tilgang til du slettar dei uavhengig av kvar du er.
Appen lastar du ned frå AppStore (iPhone/iPad) eller GooglePlay (Android).