E-bøker og lydbøker
Allbok
Lån e-bøker og lydbøker frå biblioteket, heilt gratis.
Med Allbok kan du låne e-bøker og lydbøker til både barn og vaksne. Det er gratis å låne bøker i Allbok.
Lånetida er 30 dagar, og du kan låne inntil 5 e-bøker og 2 samtidig.
Kom i gang
Vil du bruke Allbok med mobil eller nettbrett? Last ned appen i App Store eller Google Play. Opprett ein brukar ved å følgje instruksane i appen.
Vil du bruke Allbok i nettlesaren din? Gå til allbok.no. Opprett ein brukar ved å følge instruksane du får på nettsida.
Er du elev eller tilsett i grunnskule eller vidaregåande skule? Då kan du bruke Feide til å logge inn i Allbok. Du brukar ditt vanlege Feide-brukarnamn og passord for å logge inn. Du treng ikkje lånekort frå biblioteket viss du brukar Feide som innloggingsmetode.
Lurar du på noko om Allbok? Besøk hjelpesidene her.