I «gamle dagar» var det papiravisene, nyhetssendingar på radio og tv som gav oss siste nytt frå inn- og utland.
I dag oppdaterer dei fleste seg på nyheter og annan informasjon via nettet, enten det er sosiale medier, bloggar eller berre frå tilfeldige overskrifter, fordi me (naturleg nok) ikkje kjem inn på artiklar utan abonnement. Så er spørsmålet: Er dette nok for å skape eit korrekt bilete av verda eller saka du vil vite meir om?

Nye begrep som alternative fakta, fake news og konspirasjonteorier florerer og set mykje høgare krav til oss som mottakar når det gjeld å vere kristisk til det som blir servert. Dessverre er det mange som har uærlege hensikter eller doble motiv.  Det kan vere å selge, overbevise, svindle eller skape frykt og usikkerhet. Og ofte blir det presentert på ein måte som gjer at det ser truverdig ut.
Eg trur mange av oss har opplevd å dele saker i sosiale medier som i etterkant viser seg å vere oppspinn, satire, humor, eller rett og slett lureri. Det er lett for kven som helst å gå fem på.

Så kva gjer ein? Det er rett og slett viktigare enn nokon gong å stille seg nokre spørsmål før ein gjer seg opp ei meining, og ikkje minst deler saker vidare.
Det viktigaste spørsmålet er sjølvsagt: Er det sant?

For å finne ut det er det viktig å:

  • Sjekke avsendar eller kilden. Er den objektiv og truverdig?
  • Sjekk dato, -kanskje er saka forelda og ikkje lenger aktuell?
  • Sjekk språket,- ofte vert sidene automatisk oversett frå andre språk og er kanskje ikkje så relevante eller eigna i vår samanheng.
  • Sjekk kvaliteten. Er artikkelen skriven av ein fagperson eller er det ein ivrig debattant som deler si personlege meining?
  • Sjå om du kan finne tilsvarande informasjon ein annan plass. Fleire like kilder gjer det meir truverdig.

Kva som er «sant» kan sjølvsagt til ei viss grad også vurdereast ulikt frå person til person,- det viktigaste er uansett at du ikkje blir lurt, feilinformert, eller deler vidare noko du eigentleg ikkje står inne for eller har sett deg nok inn i. Opne auger, sunn skepsis og god vurderingsevne er smarte verktøy å ha med seg om ein skal manøvrere i den digitale jungelen utan å bli angripen.

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies. Les fråsegn om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close