
27.januar er det Internasjonal minnedag for ofra for holocaust, og alle dei millionar jødar som var drepne, skada eller prega for livet i løpet av 2.verdskrigen.
Nærare 800 jødar vart deporterte frå Noreg, og 22 av desse hadde tilknytting til Rogaland. Ein av dei mest kjende frå vårt distrikt er forretningsmannen Moritz Rabinowitz (1887–1942) frå Haugesund. Han hadde gjennom heile 1930-tallet advara mot nazizmen sin framvekst og utviklinga i Tyskland. Dette gjorde han gjennom ma. avisinnlegg, brev og telegram til politikarar og maktpersonar over heile verda, -inkludert president Roosevelt. På grunn av dette engasjementet var det viktig for nazistane å få fjerna Rabinowitz så raskt som råd, og han vart derfor arrestert allerede i desember 1940 etter å ha vore på flukt og hatt ulike gøymestader på Haugalandet heilt frå 9.april.
Etter omtrent fem månedar i Grini fangeleir vart han sendt til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, der han døydde i februar 1942.
Gjennom mange år har klasseturar til konsentrasjonsleirar som td Auschwitz, Sachsenhausen og Ravensbrück vore vanlege for norske elevar i ungdomskulen. Dette er eit svært viktig tiltak for å formidle kunnskap om desse grusomme hendingane til nye generasjonar. For det er ingen tvil om at det er ein samanheng mellom manglande kunnskap og fordommar, hat eller diskriminering mot jødar også i vår tid,- eller rasisme generellt.
Mengda av falske nyheter, polarisering og fiendebilete aukar særleg i krevande tider. Derfor er det så viktig å vere merksam på kor fort ting kan snu om me ikkje er på vakt mot krefter som vil utfordre både demokrati og menneskerettar.
Oversikt over meir litteratur for vidare lesing om dette emnet finn du her.
(Kjelder: snl.no, Stavanger Aftenblad og “Øverst på nazistenes liste” av Arne Vestbø)