I biblioteket hender det at foreldre kjem for å låne barnebøker dei sjølv likte å lese når dei var små, og som dei nå vil videreformidle til sine eigne ungar. Det ønsket er ikkje alltid så lett å oppfylle, men enkelte bøker og karakterer held seg godt,- og ein av dei er Mamma Mø.

«Tenk om ei ku kunne gjere det samme som me kan. Så sprøtt det ville bli», sa eit barn til Jujja Wieslander ein gong på 1980-taletSlik vart spira til bøkene om Mamma Mø sådd, historier som har gleda barn i fleire generasjonar og nå nærast er å rekne som klassikarar.

Bøkene er skapt av Jujja Wieslander og mannen hennar Tomas, og sprudlande illustrert av Sven Nordqvist. Men før det vart bøker hadde det vore songar og over 100 program i den svenske barnetimen. Seinare vart det og tv-program og teaterstykke. Så denne kua har vore med på det meste!

Mamma Mø kan kanskje minne litt om Pippi Langstrømpe? Ho er modig, nysgjerrig og har lyst å gjere nye spennande ting, som ho ser at barn held på med. Ho vågar å prøve på det meste, og tør rett og slett vere ei anleis ku.

Vennen Kråka er av det meir pysete slaget, og kjem stadig med skeptiske tilbakemeldingar på kua sine mange gode idear. «Du er ei ku, og du kan ikkje…» er hennar innstilling. Sånn i første omgong i alle fall. For etterkvart blir gjerne Kråka med på leiken likevel.

Og fordi Kråka treng trøst og oppmuntring, og Mamma Mø har empati og optimisme, er dei eit svært så godt team!

Morosamme, spennande bøker for både store og små, der ein lett kan leve seg inn i det som skjer, og kanskje bli litt modigare sjølv og? Det allmenne og gjenkjennelige er nok medverkande til at bøkene er oversett til over 30 språk.

Har du lyst å lese om Mamma Mø så kan du bestille bøkene hos oss her! 

Kilder: CappelenDamm og www.jujjawieslander.se

Translate »

Pin It on Pinterest

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies. Les fråsegn om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close