
Gjer som Tobias: Bestill ein bokpakke frå biblioteket!
Enten du er 7 eller 70 så set me saman ein bokpakke spesielt tilpassa deg! Me kan også lage ein bokkasse, slik at alle i familien får lesestoff som passar.
Send oss ditt ønske, der du seier litt om alder, interesser og kva type bøker du har likt før, så kan du sjå fram til ein innhaldsrik pakke du kan ha ein heil månad. Du kan sjølvsagt også bestille filmar, lydbøker og tidsskrift.
Du har mange muligheter til å kontakte oss:
- Epost på tysverbibliotek@tysver.kommune.no
- Messenger : Tysvær bibliotek
- Meldingsfunksjonen i Bibliofil-appen
- Tlf 52757540
Gjer det enkelt: Bestill og hent!
Kan du av helsemessige grunnar ikkje komme deg til biblioteket? Kontakt oss så finn me ei løysing!