Tysvær bibliotek etablerer frøbibliotek!

 

Dette er ein ide som mange bibliotek i landet etterkvart har tatt tak i, og nå får innbyggerane i Tysvær også eit slikt tilbod.

Så kva er eit frøbibliotek?

Ordninga går ut på at ein om hausten sanker frø frå sin eigen hage, balkong eller frå naturen og leverer dei til biblioteket i ein pose.

Biblioteket porsjonerer ut i passelige einingar, og til våren kan alle som har lyst «låne» gratis frø på biblioteket! Lånet blir registrert i skranken (max 3) og om hausten prøver du å hauste frø som kan vere til glede for andre neste vår.

Du  altså ikkje levere frø tilbake, det er jo ikkje alltid ting veks som me drøymer om, men for at ordninga skal gå rundt, er det kjekt om du prøver å få levert i alle fall litt tilbake når hausten kjem på nytt.

Frøbiblioteket er eit tilbod til alle, enten ein har hage eller berre ei potte på balkongen.

På denne måten ynskjer me å bidra til at fleire får kunnskap om korleis ein haustar frø. Dette er ein ressurs som er gratis og lett tilgjengelig rundt oss, og det er viktig å ta vare på kunnskapen så den ikkje forsvinn. Å hauste frø kan også vere ein kjekk aktivitet for barn å bli med på.

September ein ein super frø-haustingsmånad, men det går også an i oktober og november. Viss du leverer frø må du huske å skrive på kva slags frø det er. Også lurt å tørke frø på for eksempel ei avis i et døgn før du tar dei i pose.

Me håper mange har lyst å bidra til biblioteket sitt frøbibliotek, og til våren kan du glede deg til å ta andre sine frø med heim. Allerede i februar kan du starte!

Er du klar til å gå ut og plukke?? Me i biblioteket er spent på kva du finn!

 

Translate »

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies. Les fråsegn om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close