Fredrikke Nielsen
 
Ved ombygginga i Tysværtunet kulturhus hausten 2015 fekk skodespelar, folketalar og predikant Fredrikke Nielsen (f.1837-d.1912) eit eige rom kalla opp etter seg. Rommet (tidlegare del av Reisen til Amerika) ligg i biblioteket. Det blir nytta til store og små arrangement, men rommer også bøker og media. Så kven var ho eigentleg denne Fredrikke Nielsen? Me lar Hartvig Waage som kjenner historia hennar godt fortelje:
 
“Fredrikke budde på Bratthammar i Tysvær hjå tanta og hennar familie fram til ho var 8 år. Då vart ho, mot sin vilje, henta av mor si til Bergen. I sjølvbiografien har ho skrive levande om både dette og om oppvekståra i Tysvær. I Bergen såg og opplevde ho mykje fattigdom og nød, noko som gjorde sterkt inntrykk på henne. Ho kjempa seg fram som eit løvetannbarn til å bli ei feira skodespelarinne, som samarbeida både med Ibsen og Bjørnson. Ved fleire høve opptrådte ho og for Europa sine kongelege. Ho hadde eit særs nært forhold til Ibsen, og tolka mange av hans kvinneskikkelsar. Fleire av desse var ho og modell for, som t.d. ”Fruen fra havet”. 40 år gamal blei ho metodist- predikant og folketalar i Skandinavia og USA. Ho brukte sine skodespelarevner til å vera eit talerøyr for kvinnene sine rettar. Ho brann for at kvinner skulle få tale i forsamlingar og at situasjonen for dei ugifte mødrene måtte bli betre. Dette skreiv ho også om i dei store avisene. Fredrikke møtte mykje motstand på grunn av sine modige standpunkt. Overalt trakk ho fulle hus.”
 
Har du lyst å lese meir om Fredrikke kan du låne sjølvbiografien hennar på biblioteket!
 
 
Translate »

Pin It on Pinterest

Ved å fortsette å bruke denne siden, samtykker du i vår bruk av cookies Mer informasjon

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close