Kva skjer?
Tysvær bibliotek
Tysvær Sjakklubb har sjakkveld på Tysvær bibliotek hver tirsdag kl. 18-21. Dette er er et inkluderende sjakkmiljø for folk i alle aldre, som har det til felles at de liker å spille sjakk.
Velkommen til både nybegynnere og mer erfarne spillere!
Smitteverntiltak covid-19:
På grunn av koronapandemien og ev smittesporing, må vi registrere hvem som er til stede på aktiviteter og arrangement. De som deltar på sjakkvelden må derfor registrere seg ved oppmøte. Vi oppbevarer deltakerlistene i 10 dager... Les meirMindre
Tysvær bibliotekAksdalvegen 157Tysvær,5570 Kart
Alle har plass til litt hageglede! Lær korleis du kan dyrke urter, grønnsaker og blomar i pallekarm. v/Ingrid Marie Dale. Gratis arrangement.
Bob Dylan sine songtekstar: Songar til oss og om oss
Tysværtunet KulturhusAksdalveien 157Tysvær,5570 Kart
I mai 2021 fyller Bob Dylan 80 år. Han er elska av fansen sin, er hylla av litterære akademiske miljø, og har hausta prisar av mange slag, -den mest prestisjetunge er Nobels litteraturpris.
I dette fordraget snakkar Sissel Høisæter om Dylan sine songtekstar. På kva måte angår desse tekstane oss? Syng han til oss, om oss, eller syng han oss inn i andre samanhengar? Og korleis gjer han det?
Undervegs i foredraget lyttar me også til nokre av songane.
Sissel Høisæter er mangeårig Dylan-fan og ein strålande formidlar. Ho er og professor i norsk, og arbeider på Høgskulen på Vestlandet, avdeling Stord.
NB! Hent ut gratisbillett på førehand!
Foredraget er eit samarbeid mellom Tysvær bibliotek og Høgskulen på Vestlandet i serien Lærerik Laurdag.
Covid 19 smittevern, oppfording til gjester på Tysværtunet
Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet Kulturhus om du:
Har symptom på forkjøling/influensa
Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.
Er i karantene eller i isolasjon
Kontakt booking@tysver.kommune.no/52 75 75 00 i forkant av arrangementet du har billetter til, for evt annulering av billetter, om du blir forhindra i å komme pga. sjukdom.... Les meirMindre
Ska sei! Presentasjon av dialektprosjekt på Haugalandet
Tysværtunet KulturhusAksdalveien 157Tysvær,5570 Kart
Svært mange er opptekne av språket vårt, og alle brukar det. Både dialektane og skriftspråket er i endring. Karmsund Mållag har i samarbeid med Haugalandmuseet og Rogaland Historielag sett i gang eit prosjekt for å kartlegge dialektar på Haugalandet. Kommunane Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær, Vindafjord, Etne, Utsira og Bokn er med i karrtlegginga. Prosjektet har dei kalla «Ska sei», eit godt rogalandsuttrykk. Denne kvelden kan du få høye meir om språk i endring og få mange gode eksempel når Solgunn Liestøl og Atle Heskja presenterer prosjektet.
Solgunn Liestøl er leiar av styringsgruppa og Atle Heskja er medlem i prosjektgruppa.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Tysvær bibliotek, Tysvær Historielag og Tysvær Mållag. Hugs å hente ut gratisbillett på førehand!... Les meirMindre
Tysværtunet KulturhusAksdalveien 157Tysvær,5570 Kart
Kongelege, bønder og fattigfolk: Korleis levde dei i vårt distrikt?
Kåseri ved Harald Ottøy.
Ottøy er pensjonist, medlem i Vikingklubben Karmøy og utflytta tysværbu, og han vil fortelja om vikingtida i Nord-Rogaland.
Dette området hadde ei sentral rolle i Noreg i vikingtida, og hadde også god kontakt med resten av Europa. Ottøy vil gi glimt frå livet til både kongelege, bønder og fattigfolk.
Arr er eit samarbeid mellom Tysvær bibliotek og Tysvær historielag.
Gratisbillett må hentes ut før ankomst, begrenset antall plasser.
Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet Kulturhus om du:
Har symptom på forkjøling/influensa.
Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.
Er i karantene eller i isolasjon.... Les meirMindre
Tidlegare arrangement:
Mímir Kristjánsson: Mamma er trygda
Tysværtunet KulturhusAksdalveien 157Tysvær,5570 Kart
I den rørande boka «Mamma er trygda» fortel Mímir Kristjánsson historien om si sjuke mor, og set søkelyset på korleis samfunnet behandlar dei som er sjuke, hjelpelause og utslitne. Og skammen som ofte følger med det å «gå på NAV». Men kvifor skal det vere skamfullt å ta imot hjelp?
"Mamma er trygda" er både ei rystande familiehistorie og ei innsideskildring av ei samfunnsgruppe som ofte vert omtala, men som sjeldan kjem til orde sjølv.
Boka fekk terningkast 6 i Dagbladet: «Rørende og politisk om det totale utenforskap (...) Teksten balanserer djervt på linjen mellom det utleverende og det kjærlige.»
Arrangementet er støtta av Fritt Ord.
NB! Arrangementet er gratis, men hugs å hente ut billett på førehand!
Dersom du ikkje kan vere tilstades i salen, vil foredraget og bli strøyma på Youtube. Lenke til dette vil bli lagt ut samme dag, i arrangementet og på bibliotekets Facebook-side.
Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet Kulturhus om du:
Har symptom på forkjøling/influensa
Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.
Er i karantene eller i isolasjon
Kontakt booking@tysver.kommune.no/52 75 75 00 i forkant av arrangementet du har billetter til, for evt annulering av billetter, om du blir forhindra i å komme pga. sjukdom.... Les meirMindre
Tysværtunet KulturhusAksdalveien 157Tysvær,5570 Kart
Langs stranda, på ein avgøymt plass mellom Hervik og Kårstø ligg Lindehålå.
I 1995 laga Kjetil Hervik novellefilmen om Lindehålsmannen,- ein einstøing som for lenge sidan budde der, langt frå folk og i pakt med naturen. Ein mann folk spredte rykter og historier rundt.
I filmen er det åtteåringen Bjørn som blir sendt avgårde for å levere julemat til mannen, men han er svært skeptisk, for han har høyrt rykte om at barn som besøker Lindehålå aldri vender tilbake… Men for Bjørn blir det eit møte som snur opp ned på mange tankar og gir nye verdier og erfaringar. I dei største rollene møter me Jon Eikemo og Eivind Moi Eikje.
Filmmusikken er ved Vamp.
Filmen vart vist på NRK i 1998, men har sidan lege i dvale. Nå er det på tide å hente den fram igjen,-og høyre meir om historia bak.
Høyr Kjetil Hervik fortelje i samtale med Atle Heskja, Tysvær historielag.
Til slutt ser me filmen saman. (Ca 20min)
NB! Arrangementet er gratis, men hugs å hente ut billett på førehand!... Les meirMindre
Eit grønt klesskifte. Om kapselgarderobe og gjenbruk.
Tysvær bibliotekAksdalvegen 157Tysvær,5570 Kart
Om kapselgarderobe, gjenbruk og vintageklær v / Kine Angeltveit
Vil du gjere ein forskjell for miljøet? Du kan starte i ditt eige klesskap!
Er du lei av å aldri ha noko å ha på deg, sjøv om klesskapet er fullt av klær? Då kan ein kapselgarderobe vere eit nyttig verktøy.
Lærerik Lørdag gir deg denne gongen tips til korleis du kan få eit grønare og ryddigare klesskap når Kine Angeltveit deler sine erfaringar med å lage ein kapselgarderobe.
NB! Arrangementet er gratis, men hugs å hente ut billett på førehand!
Covid 19 smittevern, oppfording til gjester på Tysværtunet
Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet Kulturhus om du:
Har symptom på forkjøling/influensa
Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.
Er i karantene eller i isolasjon... Les meirMindre
Juletradisjonar på Haugalandet
Tysværtunet KulturhusAksdalveien 157Tysvær,5570 Kart
Den gong ingen åt pinnekjøt eller ribbe
Juletradisjonane har endra seg mykje siste hundre åra. Mads Ramstad frå Haugalandmuseet vil fortelje om tradisjonar mange vil hugse frå barndomen, eller kan hende tradisjonar dei har høyrt om.
Haugalandmuseet har samla inn minnestoff frå heile regionen, og det er mykje spennande som dukker fram kring juletida.
Samarbeid mellom Tysvær Historielag og Tysvær bibliotek.... Les meirMindre
Hele Rogaland leser: Plattformen som ikke kunne velte
Tysværtunet KulturhusAksdalveien 157Tysvær,5570 Kart
Fotograf Tord Paulsen og historieprofessor ved UiS, Marie Smith-Solbakken, som er redaktørane av boka, «Plattformen som ikke kunne velte» (årets bok i Hele Rogaland leser) kjem for å fortelje om både Alexander Kielland-ulukka, men særleg om arbeidet med å intervjue dei overlevande, etterlatte og berørte. Korleis påverkar ei slik ulukke lokalsamfunn og enkeltmenneske?
I år er det 40-årsmarkering for ulukka, og dette foredraget tar først og fremst for seg dei menneskelege konsekvensane og trekker dei lange linjene.
Arrangementet er gratis, men du må hente ut fribillett på førehand pga. begrensa antall plasser.
Boka kan du hente gratis i biblioteket.
Støtta av Rogaland fylkeskommune.
Facebook-foto: Kjell Einan
Covid 19 smittevern, oppfording til gjester på Tysværtunet
Vær vennleg og ikkje besøk Tysværtunet kulturhus om du:
Har symptom på forkjøling/influensa
Har mistanke om eller har fått bekrefta Covid-19.
Er i karantene eller i isolasjon... Les meirMindre